Rom og prisar
Sju rom, tre etasjar – eitt hus for heile øya
Amfisal, foajen og kafé i 1. etasje. Stovene med kjøkken og møterommet Mussa i 2. etasje. Møteromma Sardino og Brisling i 3. etasje.
Heile huset
Leig heile kulturhuset til dei store høva
Til bryllaup, festivalar, konferansar og større arrangement kan heile kulturhuset leigast samla – amfi, foajé, kafé, stovene og møteromma. Ta kontakt så finn vi ei løysing og ein pris som passar arrangementet dykkar.
Godt å vite før du leiger
Halsnøy Kulturhus vert drive på dugnadsbasis og har ikkje faste tilsette. Dermed er vi avhengige av at alle brukarar av huset klargjer, passar på varmen, riggar til, ryddar og ikkje minst vaskar etter seg. Vaskeutstyr er tilgjengeleg i alle etasjar.
Dersom du ikkje vil vaske sjølv, kan huset hjelpe til med å skaffe folk til det. Pris: 450,- pr time.
Dersom ikkje anna er merka i prislista, er alle leigesatsar eksklusive vask, tilrigging og rydding.