Området
Sæbøvik, Halsnøy og alt rundt huset
Turløyper, leikeplass, bubilparkering og båthamn – kulturhuset ligg midt i det. Her er det du treng å vite som besøkande.
Sæbøvik og Halsnøy
Kulturhuset ligg midt i Sæbøvik, bygdesenteret på Halsnøy i Kvinnherad kommune – med båthamn, gjestebrygge, bubilplass, butikk og flotte turområde like utanfor døra.
Halsnøy er ei frodig øy i Sunnhordland med Halsnøy Kloster, flotte badeplassar, fiskeplassar og eit rikt kultur- og organisasjonsliv. Øya er knytt til fastlandet med Halsnøytunnelen, og det går ferje frå Ranavik til Skjersholmane på Stord.
Turløyper
Halsnøy byr på flotte turar for både små og store – frå enkle rusleturar langs sjøen til toppturar med vid utsikt over fjord, øyar og fjell.
Her kjem turkart og løypebeskrivingar for turar i nærområdet. Ta vare på naturen, ta med deg søpla heim og vis omsyn til dyr på beite.
Leikeplass og uteområde
Rett utanfor kulturhuset ligg leikeplassen og uteområdet – ein open og trygg møteplass for born og vaksne. Her er benkar, grøntområde og plass til uteaktivitetar i samband med arrangement. Uteområdet er ope for alle.
Bubilparkering og sanitærrom
Ved kulturhuset finn du bubilparkering med tilgang til sanitærrom. Her bur du midt i Sæbøvik, med sjøen, båthamna, butikken, kafeen og fine turområde berre nokre steg unna.
Prisar og reglar for bubilparkeringa vert oppdaterte her. Ta kontakt på post@halsnoykulturhus.no for spørsmål.
Prisar
- Døgnpris bubilKjem
- StraumKjem
- Sanitærrom / dusjKjem
Reglar
- Parker berre på merka plassar.
- Vis omsyn til naboar – ro etter kl. 23.
- Rydd etter deg og bruk avfallsdunkane.
- Tøming av toalett berre på tilvist stad.
Båthamna
Sæbøvik båthamn ligg rett ved kulturhuset og vert driven av Sæbøvik Båtlag. Hamna har gjesteplassar for båtar som kjem sjøvegen til Halsnøy.
Informasjon om prisar, plassar og fasilitetar kjem her.
Treng du lokale til årsmøte eller samling for båtlaget? Book eit rom.